Vil revansjere tapet førre helg med ein svært god kamp og tre poeng mot Kvik Halden:

– Stemninga er bra

Bendik Rise: Midtbanespelaren og fleire andre var i godt humør under onsdagens trening, og gav tommelen opp til kameraet.   Foto: Erik K. Heimdal

Sport

Hødd-trenar Sander Nyland var, rett etter tapet for Levanger, svært skuffa og betutta over korleis laget presterte. Og det med rette, for det var ein kamp langt under det nivået ein bør forvente seg av Hødd. Men med litt tid og evaluering, er Hødd og Nyland klare til å slå tilbake.