Forlèt Ulsteinvik og Hødd for å spele collegefotball i USA:

– Eg vil prøve noko nytt

17. juli reiser Johannes Sundgot til USA, nærare bestemt Cincinnati i Ohio, for å spele collegefotball og studere.

Johannes Sundgot: 19-åringen har spelt på Hødd sitt a-lag dei siste åra, men flyttar no til USA for å spele collegefotball og studere.   Foto: Erik K. Heimdal

Sport

– Eg byrja å spele fotball i Hasundgot, men gjekk til Hødd då eg var rundt 10 år, og har eigentleg gått gradene i klubben. Å kome meg inn på a-laget var målet mitt då eg byrja i Hødd, fortel 19 år gamle Johannes Sundgot.