Hasundgot har overraska stort med gode prestasjonar etter å ha rykka opp til 5. divisjon:

– Over all forventning

Hasundgot-trenarane: Øystein Muren (t.v.) og Per Gustavsen er godt nøgde med vårsesongen og ser fram til haustsesongen. Bilde er frå siste kamp i vårsesongen borte mot Ellingsøy.  Foto: Erik K. Heimdal

Sport

Lokalavisa set seg ned på ferja saman med dei to Hasundgot-trenarane, Øystein Muren og Per Gustavsen, etter siste kamp for vårsesongen borte mot Ellingsøy. Den gjekk dei sigrande ut av med siffera 2–1, sjølv om fleire sentrale spelarar var vekke.