Ny supertid i London?

Karsten Warholm har allereie vist at han har tatt store steg i rett retning denne sesongen. Laurdag har han sjansen til å levere eit nytt superløp i London.   Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Laurdag stiller Karsten Warholm til start på sitt første løp etter hans fantastiske oppvisning under Bislett Games i juni. Det stadfestar manager Kristine Haddal til Vikebladet Vestposten.

No stiller Warholm på 400 meter hekk under Diamond League-stemnet i London, som blir arrangert laurdag og søndag, og då får ein sjå om Warholm har klart å halde oppe forma gjennom treningsperioden etter Bislett Games. Der knalla 23-åringen til med krutsterke 47,33 og europeisk rekord, noko som lovar svært godt framom VM i månadsskiftet september/oktober.


 

Til helga er Warholm tilbake på stadion der han vann VM-gull på langhekken i 2017 og der han slo til med 47,65 i fjor sommar. Løpet Warholm stiller i går under Diamond League-stemnet, men er ikkje ein del av Diamond League-øvingane i London.

Karsten Warholm har den tredje beste tida i verda på 400 meter hekk denne sesongen med 47,33. Berre Rai Benjamin (47,16) og Abderrahman Samba (47,27) har vore raskare.