Vann heatet sitt under Oslo Sommerstevne

Sondre Johannes Espelid (i grønt) vann sitt heat på 200 meter under Oslo Sommerleker med tida 23,75. Arkivfoto: Erik K. Heimdal.  

Sport

16-åringen Sondre Johannes Espelid frå Dimna IL vann det fjerde heatet på 200 meter under Oslo Sommerstevne onsdag. I 1,8 m/s medvind sprang Espelid inn til 23,75 og heatsiger. Han har vore nede på 23,44 under Veidekkeleikane på Lillehammer, men då med akkurat for mykje vind til å få tida godkjend som personleg rekord. Tida i Oslo onsdag var fire hundredelar bak den personlege rekorden på 23,71.

Det gjekk endå raskare i dei andre heata på 200 meter og spesielt i det første heatet, der Salum Kashafali hadde bestetid med 21,40.

Marthe Mjøen Berg deltok også under Oslo Sommerstevne. Ho sprang 400 meter hekk og kom i mål på 1.03,37. Det er over to sekund under kravet til senior-NM.