Populære idrettsskular

Både Hareid IL og Dimna IL har fått god respons på sine idrettstilbod mot slutten av sommaren.

Idrettsleikar: Dimna IL arrangerer idrettsleikar på Høddvoll mot slutten av sommaren, men har allereie fått 75 påmelde barn. Også Hareid IL Fotball sin Fotballcamp har vist seg å vere populær. 

Sport

Dimna IL arrangerer også i år idrettsleikar for barn i alderen 7 til 12 år og tilbodet ser ut til å vere populært også denne sommaren. I ei oppdatering på sine Facebooksider skriv Dimna IL at det er 75 deltakarar som er meldt på, men at ein framleis har nokre plassar igjen.

På Hareid prøvar Hareid IL Fotball seg denne sommaren med Fotballcamp for barn frå 2. til 7. klasse.

Dette tilbodet er nytt av året, men Hareid IL har fått god respons og tysdag var det 49 barn som var meldt på til Fotballcampen. Også her er det rom for endå fleire, ifølgje Hareid IL Fotball.