Hareid G14 klar for semifinale

  Foto: Hareid IL si Facebookside.

Sport

Hareid sitt G14-lag er klar for semifinale i b-sluttspelet i Norway Cup.

Torsdag spelte laget både åttandedels- og kvartfinale.

KFUM Kam Oslo 2 vart slått 4-2 i åttandedelsfinalen, medan Eidanger IL vart sendt ut av turneringa etter to Hareid-mål.

Fredag klokka 08.00 spelar Hareid G14 semifinale mot Gjøa SC New York.

Finalen går også fredag. Tidspunktet for den er klokka 16.20.