- Eg trur 200 meter i morgon kan bli bra

Sport

Jonas Andre Ose sprang inn til  ein sjetteplass i sitt forsøksheat på 100 meter med 11,13. Dermed gjekk han ikkje direkte vidare, men hadde framleis sjansen til å få ein av semifinaleplassane på tid. Dessverre gjekk det for raskt både i det tredje og fjerde heatet og Ose si tid vart ikkje god nok til semifinaleplass, men ungguten har fleire sjansar under NM, med 200 meter på programmet laurdag.