God motivasjon i kongepokalen

Karsten Warholm imponerte stort under første dag av NM på Hamar.

Karsten Warholm hadde full kontroll i forsøket på 400 meter, men det var supertida på 400 meter hekk som imponerte mest under NMs første dag.  

Sport

Karsten Warholm storma inn til eit suverent NM-gull på 400 meter hekk. Kort tid seinare sikra han seg også finaleplassen på 400 meter, men det var supertida på langhekken som naturleg nok fekk mest merksemd etter kveldens siste løp.