Supertid i NM og ny meisterskapsrekord

HAMAR: Det var aldri reell spenning om kven som skulle stikke av med gullet på 400 meter hekk under NM på Hamar fredag kveld. Karsten Warholm hadde vunne øvinga fire år på rad og kunne sikre seg sitt femte strake NM-gull på langhekken.
Sport

Dei tøffaste utfordrarane for Warholm var venta å vere Joachim Sandberg og Andreas Haara Bakketun, men begge kom til NM med årsbeste som var over fire sekund bak Warholm si supertid på 47,12 frå London.