Droppar European Team Championships i Sandnes i helga:

Karsten spring ikkje - slått ut av mageproblem

Karsten Warholm storma her inn til sitt andre NM-gull på Hamar førre helg. No må han droppe European Team Championships i Sandnes grunna sjukdom.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes.

Sport

I ei pressemelding frå Norges Friidrettsforbund torsdag formiddag går det fram at Dimna IL-utøvar Karsten Warholm ikkje stiller til start i European Team Championships i Sandnes førstkomande helg.

- Karsten vakna i natt med mageproblem, og i samråd med meg har han bestemt seg for å ikkje stille til start, seier NFIF sin lege Ove Talsnes.

Talsnes seier samstundes at sjukdommen ikkje vil ha nokon innverknad på førebuingane fram mot VM.

- Men, med slike problem blir ein sett ut av spel i nokre dagar, seier Ove Talsnes.

Fredrik Øvereng frå Overhalla IL erstattar Karsten på den individuelle 400-meteren.