Sander H. Nyland om nysigneringa før lokaloppgjeret mot Brattvåg laurdag kl. 15.00:

- Vi håper at han blir klar til kampen

Glenn Walker: Ranheim-backen har signert for Hødd på lån ut sesongen. Han kan spele både på høgre- og venstresida.  

Sport

– Glenn [Walker] er ein ung og ambisiøs spelar. Akkurat no blir han vurdert som ikkje god nok til å spele i Eliteserien, og då passa det fint med eit utlån hit. Han har kvalitetar som passar oss, seier Hødd-trenar, Sander H. Nyland, til lokalavisa torsdag ettermiddag.