Laurdag kl. 14.00 er det duka for haustsesongens første kamp for damelaget til Hødd:

– Vi vil starte bra

Caroline Overvåg: Den tidlegare kapteinen og superspissen er tilbake i Hødd-trøya, og er ein spelar laget kjem til å drage god nytte av utover hausten. Anna Aahjem flyttar, og Overvåg får nok dermed ansvaret med å score dei nødvendige måla. Bilde frå onsdagens trening. Rebecca Sande (t.v.) og Caroline Overvåg.  Foto: Erik K. Heimdal

Sport

Hødd ligg på 6.-plass, og har fem poengs klaring til den berykta «streken». Med siger over Sunndal i haustsesongens første kamp, kan dei omtrent sikre plassen i divisjonen.