Fjerde tap på rad for Hødd:

Shroot: - No må vi snart lære

Hødd produserte nok sjansar til å avgjere kampen mot Stjørdals-Blink – men det var i staden gjestane som gjekk sigrande ut av oppgjeret etter eit flott frisparkmål på overtid.

Her set Vebjørn Vinje inn 2-3 målet, og Stjørdals-Blink kunne innkassere tre nye poeng.  Foto: Per Werkland.

Sport

Då det såg veldig mørkt ut for Hødd etter Ottar Huni Magnusson sitt 0-2 mål 68 minutt ut i kampen, serverte Robin Shroot først Bendik Rise minuttet etter – så Eirik Franke Saunes under minuttet etter det igjen – og Hødd hadde utlikna til 2-2.