Mange lokale utøvarar under junior-NM

Både Hareid IL og Dimna IL stiller med utøvarar under junior-NM i Sigdal.

Junior-NM: Iver Saunes Moldskred er ein av fleire Dimna-utøvarar som var med under senior-NM på Hamar. Denne helga ventar junior-NM, der det stiller ei rekkje lokale utøvarar. 

Sport

Frå fredag til søndag skal svært mange av landets mest lovande, unge friidrettsutøvarar kjempe om medaljar under junior-NM i Sigdal. Dimna IL stiller med ein solid tropp, og har om lag påmelde utøvarar i tillegg til eit stafettlag i U23-klassa for kvinner. Hareid IL er også representerte, der Svenning Veiseth deltek i U20-klassa i spyd.