Hødd Handball har no sitt eige ungdomsråd:

Ønskjer å bidra til auka aktivitet og mindre fråfall

Isabel Løset Holstad (f.v.), Amanda Låbakk, Per Nytun Moldskred, Johannes Kaul og Niels Adon Leenders utgjer Hødd Handball sitt første ungdomsråd nokosinne. Her held leiar Amanda og nestleiar Per opp det signerte mandatet.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Sport

Tysdag kveld skjedde det noko historisk viktig for Hødd Handball. Fem ungdommar mellom 13 og 16 år utgjer no nemleg handballgruppa sitt første ungdomsråd. Etter eit møte på Ulstein bibliotek på Ulstein Arena var det heile klart, og ungdomsrådet hadde konstituert seg.