Positiv oppstart for jentefotballen i Hareid IL:

13 jenter møtte til trening

13 jenter i alderen seks til ti år møtte opp til oppstart for jentefotballen i Hareid IL tysdag ettermiddag.  Foto: Hareid IL Fotball.

Sport

Etter fleire år med mange lag i jentefotballen i Hareid IL hadde det oppstått eit gap under 11-åringane. Det var noko Hareid IL i mai i år annonserte at dei ønskte å gjere noko med. Styret i fotballgruppa vedtok nemleg at ein ønskte å melde på så mange lag som mogleg for jenter i alderen sju til ti år. Tysdag ettermiddag denne veka såg ein det førebelse resultatet av dette ønsket.

- Tysdag ettermiddag var det oppstart for jentefotballen på Hareidsmyrane stadion. 13 jenter i alderen seks til ti år møtte, og det gjekk også rykte om at fleire andre har lyst til å slenge seg med etter kvart. Humøret og innsatsen blant dei frammøtte var det ingenting å utsetje på. Så vi køyrer på med ny økt neste tysdag. Nøyaktig tidspunkt kjem vi tilbake til seinare. Dyktige trenarar i dag var Anita Waage, Cecilie Bjørlykke, Victoria Røren, Helene Sjåstad Kleppe og Andrine Øvrelid, fortel fotballeiar i Hareid IL, Einar Orten Trovåg, til Vikebladet Vestposten.


Inviterer til prøvetrening

Med mål om å få på plass fleire jentelag i Hareidfotballen ber ein inn til uforpliktande prøvetrening.



 

Trovåg har også tidlegare sagt at han ønskjer å få opp igjen gløden kring Hareidsfotballen:


Den nye fotballeiaren i Hareid IL:

– Bli med oss

 

Vil ha endå meir aktivitet i Hareidsfotballen:

– Vi treng breidda

Einar Orten Trovåg, som er styreleiar i fotballgruppa, fortel at Hareid IL har mykje på gang.