Tredje forsøk på Diamond League-troféet

Torsdag får ein første møtet mellom Karsten Warholm og lynraske Rai Benjamin.

Karsten Warholm har hatt mykje å juble for denne sesongen, som her under NM på Hamar. Torsdag jaktar han sin første siger i ei Diamond League-finale.   Foto: Andreas Bjerknes.

Sport

Karsten Warholm har ikkje vore til å stoppe denne sesongen. Laurdag var han heile 1,04 sekund framom Ludvy Vaillant, som tok andreplassen på 400 meter hekk under Diamond League-stemnet i Paris. Det var Warholms minste sigersmargin i heile år!