Kjellen kjem til fotballfest

Kjell "Kjellen" Bigset kjem til Hødd damelag sin fotballfest på Høddvoll laurdag. Der blir det både seriekamp og showkamp, samt pauseunderhaldning frå Kjellen.   Foto: Emily Louisa Millan Eide

Sport

Hødd-herrane har allereie markert idrettslaget sitt 100-årsjubileum med showkamp. No er det kvinnene sin tur, og laurdag inviterer damelaget til Hødd til ein skikkeleg fotballfest på Høddvoll.

Først ut er 2.-divisjonslaget i klubben, som spelar seriekamp mot Trondheims-Ørn 2.

Då laga møttest i Trondheim tidlegare i år imponerte Hødd og fekk med seg eit sterkt bortepoeng.

Trondheims-Ørn 2 kjem frå ein 3–0 siger over Sunndal, medan Hødd har litt å revansjere etter å ha tapt 1–10 borte mot topplaget Fortuna.

Elles har Hødd levert ein absolutt godkjent sesong så langt, og sikra seg ein solid margin ned til botnen av tabellen. Det ser dermed svært lovande ut med tanke på å klare sesongmålet om å halde seg og stabilisere seg i divisjonen etter fjorårets opprykk.

Seriekampen er ikkje alt som skjer på Høddvoll denne laurdagen, for som herrane gjorde, med kamp mellom Eliteserielaget (1995) og Cuplaget (2012), skal også damelaget arrangere showkamp. Der er det sett saman troppar av spelarar som spelte i Hødd før 2009 og spelarar som har spelt i Hødd etter 2009, som møtest til dyst over 2x25 minutt.

Men det er ikkje alt, for damelaget har også sikra at det ikkje blir dødtid i pausen av showkampen. Då kjem nemleg Kjell ”Kjellen” Bigset, mannen som skryt på seg 473 kampar for Hasundgot i bakfylla, til Høddvoll for å stå for pauseunderhaldninga.

Til showkampen stiller desse spelarane:

Før 2009:
- Ellen Holm Roppen
- Sara Lande Rise
- Trine Årsbog
- Stine Støylen
- Margit Jøsok
- Marita Myrvågnes
- Martha Helvig Omdal
- Kristine Stendal Brænne
- Silja Øvrelid
- Cecilie Skeide
- Josefin Dimmen
- Maria Berstad Værnes
- Ingvild Klokk
- Erika Skarbø
- Ruth Flø Paulsen 
- Karoline Stokseth
- Lilian Breivik
- Elise Myklebust
- Lisbeth Nykrem
- Monica Andreassen

Etter 2009:
- Caroline Overvåg 
- Stine Sundnes Christoffersen
- Kristin Helland
- Andrea Storøy Rødseth
- Ida Nykrem Haddal
- Gunhild Botnen Feiring
- Aina Eid Kvamme
- Charlotte Skare Haanes
- Elise Romestrand
- Victoria Røren
- Kamilla Werkland
- Kristina Meinseth
- Siri Stranden
- Monica Koppen
- Merethe Molvær Terøy
- Martine Antonia Dalen
- Ragnhild Ertesvåg
- Benedikte Nevstad

I tillegg til dette skal også fem tidlegare herrespelarar ver med på kampen.

- André Nevstad 
- Mads-André Værnes 
- Harald Åsland Riise 
- Helge Kalvatn Edinsen 
- Sindre Eid