Australiaren Luc Jeggo er klar for Hødd

Sebastian Nilsen, Luc Jeggo og Sander Nyland.  Foto: Hødd Fotball.

Sport

Luc Jeggo har signert for dei blåkvite. Det blei klart laurdag. Australiaren har signert på ein kontrakt ut året.

Jeggo vaks opp i Australia, og gjekk gjennom akademisystemet til Melbourne Victory - ein av dei største klubbane i Australia. Han kjem no til Hødd frå det øverste nivået på Færøyane der han har spelt for Tvøroyrar Bóltfelag i vår. Før det har han tre sesongar bak seg i Norge, der han i 2016 rykka opp frå Post Nord-ligaen til OBOS-ligaen med Florø. I 2017 og 2018 spelte han totalt 45 kampar for Florø i OBOS-ligaen, før vegen gjekk til Færøyane og Tvøroyrar Bóltfelag vinteren 2019.

- Luc er ein midtbanespelar med gode kvalitetar - på mange måtar ein boks-til-boks-spelar. Han er løpssterk, godt trent, taklingssterk og har gode ballvinnareigenskapar. I tillegg har han ein god høgrefot som vi trur vil vere nyttig for oss og han er flink til å fylle opp boksen i angrep. Vi er glade for at han no vert Hødd-spelar, seier trenar Sander Nyland i ein kommentar. 

Luc seier følgande i sin kommentar etter å ha signert for Hødd: 

"Eg kjenner godt til klubben og den stolte historia frå før. No ser eg fram til å bli ein del av ein flott klubb og bidra på bana til at vi tek fleire poeng. Eg gler meg til å kome i gang!".