Hødd-trenaren godt nøgd etter sigeren heime mot Vidar:

- Veldig godt å vinne ein fotballkamp igjen

Netan Sansara står her inne i målet til Vidar og viser dommaren kvar han meiner ballen landa etter at Robin Shroot sette ballen i tverrliggaren - som så gjekk rett ned i bakken. Dommaren valde å ikkje dømme mål - men mykje kan tyde på at det burde vore dømt scoring i denne situasjonen.  Foto: Hødd Fotball.

Sport

Det blei ein fartsfylt og spanande kamp på Høddvoll då Hødd tok i mot Vidar. Laga, som låg på høvesvis 10. og 12. plass i PostNord-ligaen avdeling 1 før kampen, trengde begge ein siger søndag ettermiddag.