Lerøyleikane:

Imponerte i Måndalen

Lokale utøvarar bidrog sterkt til siger for Møre og Romsdal under Lerøyleikane i Måndalen.

Lerøyleikane: Synnøve Verås Grimstad, Marius Anderson, Håvard Dimmen, Birte Sætre, Andrea Skaar Berg, Johannes Sæther Gurskevik (alle frå Dimna IL) og Peter Olav Pilskog Bitocchi. Foto: Arve Hatløy/Dimna IL 

Sport

Utøvarar frå både Dimna IL og Hareid IL var sentrale då Møre og Romsdal friidrettskrets gjekk til topps i lagkampen under Lerøyleikane på Måndalen stadion i helga.

Synnøve Verås Grimstad og Andrea Skaar Berg sikra ein drøss medaljar for Møre og Romsdal.   Foto: Foto: Arve Hatløy/Dimna IL

 

14-åringane Synnøve Verås Grimstad og Andrea Skaar Berg var mestvinnande frå Møre og Romsdal. Verås Grimstad med gull både på 200 meter hekk og i høgde, pluss sølv på 60 meter og bronse på 200 meter, medan Skaar Berg tok gull både på 60 meter, 60 meter hekk og i lengde. Ho fekk også med seg sølv i høgde. Begge var med på stafettlaga til Møre og Romsdal, som fekk med seg sølv og bronse.

Med på stafettane var også Peter Olav Pilskog Bitocchi frå Hareid. Han deltok i G13-klassa og individuelt sikra han seg sølv både på 60 meter og 200 meter.

Birte Skeide Sætre fekk med seg fire medaljar, eitt gull i spyd, sølv i stav og høgde og bronse i sleggekast.  Foto: Foto: Arve Hatløy/Dimna IL

 

Birte Skeide Sætre fekk med seg fire medaljar, eitt gull i spyd, sølv i stav og høgde og bronse i sleggekast.

Møre og Romsdal var i føringa med 179 poeng etter første dag, men då berre poenget framom Nord-Trøndelag. Etter dag 2 var det likevel ikkje tvil, då Møre og Romsdal til slutt vann med 31 poeng ned til laget frå Nord-Trøndelag.

Sjå komplett resultatliste her: Ekstern lenke