Landsturneringen:

Jubelhelg for Hødd United i Stjørdal

Spelarane på Hødd United fekk ei strålande oppleving under årets Landsturnering i Stjørdal. I sitt tiande år gjekk Hødd United heilt til topps i si pulje.
Sport

Tidleg fredag morgon sette 12 spente spelarar, like mange følgjarar og ein bussjåfør kursen frå Høddvoll mot Stjørdal. Hødd United, ti år i 2019, var då på veg til eitt av årets desiderte høgdepunkt, Landsturneringen, som i år blei arrangert for 30. gong.