Hareidsdølen laurdag

Laurdag er det duka for årets utgåve av Hareidsdølen Triatlon.

Folkefest: Det var om lag 500 personar innom Holesanden under Hareidsdølen Triatlon i fjor. Også i år ser det ut til at arrangementet er populært og dei 75 plassane på sprinten vart rivne vekk.  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Sport

Det er Hareidlandet Triatlon som arrangerer Hareidsdølen, der både start og målgang går føre seg på Holesanden.

Der blir det gjennomført fire ulike klasser, med distanse A (25 meter symjing, 500 meter sjukling og 100 meter springing), B (50 – 1000 – 500) og C (100 – 2500 – 1000), samt sprintklassa.

I sprintklassa startar triatlonen med 750 symjing, før deltakarane legg ut på sykkelturen rundt Snipsøyrvatnet og tilbake. Det vil seie 750 meter i vatnet og 20 kilometer på sykkelsetet, før det heile blir avslutta med eit løp på 5,4 kilometer.


 

Ifølgje arrangørane i Hareidlandet Triatlon kan ein delta som stafettlag med opptil tre deltakarar på både distanse C og sprint.

At dette har blitt eitt populært arrangement ser ein av påmeldinga frå januar. 22 timar tok det då å få fylt opp alle dei 75 plassane til den tredje utgåva av triatlonen.

Men dette er ikkje eit arrangement berre for dei vaksne og i fjor var det i overkant av 500 personar på Holesanden under arrangementet og om lag 50 barn og ungdom som deltok på dei kortare distansane.

På grunn av noko avgrensa parkeringsmoglegheiter ved Holesanden går det busstransport frå Bigset skule.


Hareidsdølen Triatlon vert arrangert for tredje gong 7. september:

– Dette er ein aktivitetsdag for heile familien



Hareidsdølen Triatlon samla over 500 ved Holesanden. Sjå stor bildeserie:

- Her er alle vinnarar

Tor Inge Remme var først over målstreken blant seniorane, på den gode tida 1.15,03. Men, dei aller viktigaste deltakarane under årets Hareidsdølen var borna, meiner løpsleiar Daniel Slettebakk.