Tatt ut på to VM-distansar

Norges Friidrettsforbund har tatt ut Karsten Warholm på både 400 meter og 400 meter hekk til VM i Doha.   Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Karsten Warholm er tatt ut på både 400 meter hekk og 400 meter til VM i Doha. Det er klart etter at Norges Friidrettsforbund torsdag offentleggjorde VM-uttaket.

VM startar 27. september og 400 meter hekk står på programmet allereie første dag. Semifinalen går laurdag 28. september og finalen måndag 30. september.

At Warholm er tatt ut både på 400 meter og langhekken treng ikkje å bety at han stiller i begge øvingane, men uttaket opnar for moglegheita dersom han skulle ville prøve seg på eit nytt monstermeisterskap.

Forsøket på 400 meter går 18 timar etter finalen på 400 meter hekk.

Heile uttaket:

Menn:

400 meter: Karsten Warholm, Dimna IL.
400 meter hekk: Karsten Warholm, Dimna IL.
1500 meter: Filip Ingebrigtsen, Sandnes IL og Jakob Ingebrigtsen, Sandnes IL.
5000 meter: Henrik Ingebrigtsen, Sandnes IL, Filip Ingebrigtsen, Sandnes IL og Jakob Ingebrigtsen, Sandnes IL.
3000 meter hinder: Tom Erling Kårbø, Stord IL.
10000 meter: Sondre Nordstad Moen, SK Vidar.
Maraton: Weldu Negash Gebretsadik, IL i BUL.
50 km kappgang: Håvard Haukenes, IL Norna-Salhus.
10-kamp: Martin Roe, IL Fri.
Slegge: Eivind Henriksen, IK Tjalve.
Diskos: Ola Stunes Isene IF Sturla.
Stav: Sondre Guttormsen, SK Vidar.

Kvinner:
800 meter: Hedda Hynne, IK Tjalve.
5000 meter: Karoline Bjerkeli Grøvdal, IK Tjalve.
3000 meter hinder: Karoline Bjerkeli Grøvdal, IK Tjalve.
400 meter hekk: Amalie Iuel, IL Tyrving.
Slegge: Beatrice Nedberge Llano, Laksevåg IL.
Stav: Lene Retzius, IL i BUL.