Rekruttane møter Ørsta

Hødd II tek måndag imot Ørsta heime på Høddvoll. Sist rekruttane spelte heime enda det 2-2 mot Rollon.  

Sport

Det blei heile 11 scoringar då Hødd II møtte Ørsta i Ørsta tidlegare i sesongen. Rekruttane til Hødd vann då 7-4.

Måndag kveld møtest laga på Høddvoll og for heimelaget sin del handlar det no om å revansjere seg etter å ha tapt heile 1-7 for SIF/Hessa på bortebane for ei veke sidan.


 

Ørsta kjem til kampen på ein 11.plass på tabellen, poenget bak Hareid. Dette er dermed ein viktig kamp, både for Ørsta og for Hareid, som skal møtest i Ørsta komande fredag.

Vegard Heltne og Ørsta har tapt fire av sine fem siste kampar, og har vore involvert i ei rekkje målrike oppgjer. Til forskjell frå Hødd II klarte dei å slå SIF/Hessa, og då med solide 6-1, men laget har også tapt klart for både Valder, Rollon og Volda, i tillegg til 2-3 tap mot botnlaget Blindheim.

Hødd II avsluttar sesongen med fem heimekampar på sine sju siste. Då har dei sjansen til å rette opp den temmeleg svake heimestatistikken laget står med så langt. Hødd II har nemleg berre vunne to av sine sju heimekampar til no.