Legende: Arne Flatin slår fast at ein ikkje kjem vekk frå Kjetil Hasund når Hødd-historia skal skrivast. Mannen med 646 kampar og 460 mål for Hødd sette verkeleg Hødd på kartet. Her er Hasund intervjua av Arne Flatin under Hødd sitt jubileums-kick off på Sjøborg. Foto: Andreas Bjerknes.

– Ein del personar som er heilt uvurderlege for klubben

Laurdag blir IL Hødd feira med jubileumsfest i Ulstein Arena. 1. august var det 100 år sidan det som no er eit stort idrettslag starta som ein liten fotballklubb. Frå å spele sine første kampar på markane i kommunen har ein no fasilitetar av ypparste merke, spesielt for fotballen og handballen i idrettslaget.