VM-start fredag

Snart VM: Fredag skal Karsten Warholm springe forsøksheat på 400 meter hekk under VM i Doha. Det kan bli det første av totalt seks løp, dersom han skulle ta seg til finale både på 400 meter hekk og 400 meter.   Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Fredag kveld står ein 23-åring frå Ulstein kommune på startstreken i eit VM som regjerande verdsmeister. Karsten Warholm er tidenes nest-raskaste mann på 400 meter hekk og kjem til VM som den alle vil slå.