Det gjekk som det skulle gå

Skjermdump frå NRK1 

Karsten Warholm verka nesten ikkje sliten i det heile då han kom først i mål i forsøksheatet. (skjermdump frå NRK) 

Sport

I kveld sprang Karsten Warholm forsøksheat på 400 meter hekk i jakta på eit nytt EM-gull.

Warholm kom inn på tida 49.27 og med det vann han første forsøksheatet.

Som kommentatoren Vebjørn Rodal sa så hadde han full kontroll og sprang leikande lett inn til mål.





Til NRK sa han etter løpet at det var ufatteleg deilig å kome igang, og godt å vere ferdig med første løpet.

Han fortalde korleis han har trena på å løpe litt rolegare, eller med litt lågare frekvens, så han ikkje brenn av alt kruttet første kvelden. I morgon, laurdag ettermiddag, skal han springe semifinale i 400 meter hekk. Måndagskvelden er det finale i 400 meter hekk. Tysdag ettermiddag skal han springe forsøksheat i 400 meter og fredag neste veke er det finale i 400 meter.