Karsten hadde full kontroll

Det såg nærast ut som Karsten Warholm jogga inn til mål i semifinalen, men tida var 48.28. (skjermdump frå NRK1) 

Sport

Ikkje uventa kom Karsten Warholm seg vidare frå semifinalen i dag, så no er han klar for finale i 400 meter hekk måndagskvelden.

Han kom inn på tida 48.28 og sprang såleis raskare enn gulløpet frå London. Han gjekk hardare ut i dag enn i går, men utover i løpet såg han at han spare på kreftene og roe meir ned. Det blir spennande å sjå kor god tid han vil få i finalen.

Då skal han springe mot Alison Dos Santos, Yasmani Copello, Abdelmalik Lahoulou, Rai Benjamin, Abderrahman Samba, Rasmus Mägi og TJ Holmes.