Karsten tok eit nytt VM-gull!

Karsten Warholm tok gull på 400 meter hekk under VM i Doha. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix 

Sport

Karsten Warholm tok sitt andre VM-gull då han sprang inn til 47,42 i Doha!

- Det er så stort for meg. Det er umogleg å beskrive, seier Karsten Warholm til NRK. 

Karsten Warholm tok seg kontrollert vidare frå både forsøket (49,27) og semifinalen (48,28) på 400 meter hekk under VM i Doha. Warholm hadde beste tid i semifinalane, framom Alison Dos Santos frå Brasil (48,35) og Rai Benjamin frå USA (48,52).

Mange har møtt opp på Sjøborg for å følgje Karsten Warholm i VM.   Foto: Jorulf Myrene

 

I finalen var det venta at Rai Benjamin og Abderrahman Samba, begge med personlege rekordar på 46,98, ville vere Warholm sine aller tøffaste konkurrentar.

Totalt hadde fem av VM-finalistane personlege rekordar raskare enn 48,00, deriblant Warholm, Samba og Benjamin, som alle har vore raskare enn 47,00.

Warholm er kjent for sine forrykande opningar, oftast frå nest-ytste bane, men i VM-finalen var 23-åringen å finne i bane 4. Dermed hadde han både Benjamin og Samba, i tillegg til Alison Dos Santos, Yasmani Copello og Abdelmalik Lahoulou på utsida av seg i finalen. 

Karsten Warholm gjorde som vanleg sine siste førebuingar, der han fyrte seg skikkeleg opp framom starten på løpet.

- Kom igjen Karsten! Køyr no, ropte Warholm til seg sjølv like før startskotet.

Warholm kom godt i gang og var tidleg oppe på sida av Dos Santos. Benjamin gjekk også bra, men Warholm var først. Benjain kom fort, men Warholm var først over siste hekken og storma inn til 47,42! Karsten Warholm var først over streken i andre VM på rad og tok sitt andre VM-gull på 400 meter hekk. Han er dermed den første nordmannen som har forsvart eit VM-gull i friidrett.

Rai Benjamin tok andreplassen, medan Abderrahman Samba tok bronse på heimebane.

Med norsk flagg rundt skuldrane og med vikinghjelm på hovudet kunne ein lukkeleg Karsten Warholm ta æresrunda på stadion i Doha.

- Det var gøy! Det var kjempegøy, seier trenar Leif Olav Alnes på tribuneplass til NRK etter løpet.

- Vi har prøvd å gjere han til den beste versjonen av seg sjølv, seier trenaren - og det ser det verkeleg ut til at teamet rundt Karsten Warholm har lukkast med.

På tribunen i Doha var også mor Kristine Haddal og far Mikal Warholm.

- Det er heilt fantastisk! Eg var litt i tvil då dei kom utav svingen, då var det veldig tett, men på slutten såg eg at han hadde eit ekstra gir og det var fantastisk å sjå, seier Kristine Haddal til NRK sin reporter.

I intervjuet med Line Andersen i NRK fortel Warholm om kor mykje samarbeidet med Leif Olav Alnes betyr for han, og kor viktig trenaren er for prestasjonane.

- Eg gjer dette for oss. Til sjuande og sist er det den cred'en og den indre lagkjensla vi har som betyr mest, seier Warholm.

Warholm fortel at han måtte grave veldig djupt for å sikre seg sitt andre gull, men at det var enormt verdt det då han passerte målstreken på førsteplass.