– Det er veldig inspirerande

Lagkameratane i Dimna IL er svært imponerte over Karsten Warholm, som måndag sikra sitt andre VM-gull på 400 meter hekk.

Kornelia Roppen, Anna Garnes Kleven og Jonas André Ose i Dimna IL er svært imponerte over prestasjonane til lagkamerat Karsten Warholm.  

Sport

Måndag kveld storma Karsten Warholm inn til sitt andre VM-gull på 400 meter hekk. På Sjøborg i Ulsteinvik sat lagkameratane frå Dimna IL og heia fram verdsmeisteren. Dagen etter VM-finalen er Anna Garnes Kleven, Jonas André Ose og Kornelia Roppen alle svært imponerte over det 23-åringen har fått til og måten han sikra sitt andre VM-gull på.