Karsten Warholm sikra sitt andre VM-gull:

– Det er fantastisk

Karsten Warholm og trenar Leif Olav Alnes framom Khalifa International Stadium i Doha, der Warholm måndag sikra VM-gullet på 400 meter hekk. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix 

Sport

Det har vore nokre hektiske dagar i Qatar for Karsten Warholm, som måndag sikra sitt andre VM-gull på 400 meter hekk og forsvarte tittelen frå London-VM i 2017. Tysdag kunne han henge det ferske VM-gullet rundt halsen og no kan han sette punktum for det som har vore ein eineståande sesong av 23-åringen.