Søker dagleg leiar

Anita Waage i Hareid IL har fått permisjon for å jobbe for Norges Fotballforbund.

Anita Waage har fått eit engasjement i Norges Fotballforbund ut 2020. Ho har fått permisjon frå stillinga som dagleg leiar i Hareid IL, og idrettslaget søker no etter ein erstattar.   Foto: Linda Eikrem

Sport

Hareid IL sin daglege leiar, Anita Waage, har fått permisjon frå stillinga for å ta på seg eit engasjement i Fotballforbundet ut 2020. Det skriv Hareid IL på sine nettsider.

Waage fortel til Vikebladet Vestposten at engasjementet er som internasjonal koordinator for NFF sitt internasjonale utviklingssamarbeid. Waage legg til at ho allereie har vore ein del av instruktørkorpset, som mellom anna har vore med på å lære opp kvinnelege trenarar i Midtausten.

– Dette er veldig interessant, og eg var ikkje i tvil då eg fekk tilbod om engasjementet. Spesielt ikkje når eg også fekk permisjon frå Hareid IL, fortel Waage.

Idrettslaget søkjer no etter ein vikar med moglegheit for fast tilsetting.

Waage vart i utgangspunktet tilsett som dagleg leiar i Hareid IL Fotball tilbake i 2014. Seinare vart engasjementet utvida til å gjelde heile idrettslaget.

I utlysinga frå Hareid IL skriv dei at hovudoppgåvene og ansvaret til dagleg leiar mellom anna inneheld oppgåve innan økonomi- og personalforvaltning, sal og oppfølgjing av sponsoravtalar, samt å vidare føre og utvikle samarbeid med NIF, særforbund, naboklubbar og kommunen.