Ny klubb for tidlegare Hødd-spelar

Håkon Botn Brautaset jublar for cupscoring for Hødd mot Træff i vår. No er 20-åringen klar for 3.-divisjonsklubben Lysekloster.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

I sommar flytta Håkon Botn Brautaset til Bergen for å studere. No har 20-åringen med totalt 11 serie- og cupkampar for A-laget til Hødd funne seg ny klubb.

Botn Brautaset har meldt overgang til 3.-divisjonsklubben Lysekloster og har allereie fått sine to første kampar for klubben.

På sine facebooksider skriv Lysekloster IL at Botn Brautaset debuterte som innbytar i 3-5 tapet for Fana og fekk sin første start for ”Munkene” då dei slo Sogndal 2 4-0 sist helg.

Etter sigeren over Sogndal 2 er laget oppe på ein tredjeplass i avdelinga, ni poeng bak topplaget Vard Haugesund.