Viktig siger for Hasundgot

Hasundgot sikra seg torsdag tre viktige poeng i bortekampen mot Skodje.  

Sport

Det er framleis uklart kor mange lag som kjem til å rykke ned frå 5.-divisjon denne sesongen. Dette heng saman med opp- og nedrykk i divisjonane over og det er på ingen måte usannsynleg at fire lag rykkjer ned frå 5.-divisjon.



Torsdag kveld sikra Hasundgot seg tre svært viktige poeng, då dei slo Skodje 5-2 på bortebane. Det sender Hasundgot opp på ein 6.-plass i avdelinga, men etter at Volda 2 noko overraskande slo serieleiar FK Sykkylven er det berre ni poeng ned til 9.-plassen.

Det var Skodje som scora det første målet torsdag, då Håkon Opsal sende heimelaget i føringa etter 32 minutt. Hasundgot utlikna like før pause, då Nicolai Haddal Molvær fekk prøve seg frå straffemerket. 1-1 ved pause, men det skulle ikkje vare lenge.

Hasundgot fekk nemleg ei fantastisk opning på den andre omgangen. Jørgen Skogestrand Kleiven sette inn 1-2 etter 49 minutt, før Elias Rooney teikna seg for to scoringar i løpet av dei seks neste minutta.

Då var kampen i realiteten avgjort, men 20 minutt før slutt sette Isak Sundgot inn 1-5.

Eirik Nesset Hjelvik reduserte ein gong for Skodje på eit straffespark, men det blei tre poeng til Hasundgot og det kan vise seg å bli svært viktig når fasiten skal skrivast etter sesongslutt.

Hasundgot har igjen tre kampar. Torsdag møter dei Godøy på heimebane, før turen går til Stranda 17. oktober. Sesongen blir avslutta heime mot botnlaget Ellingsøy.

Hasundgot: Joakim Rødven – Marius Muren, Nedim Mujic, Simon Haddal Spjutøy, Håvard Hatløy Fiskaa – Nicolai Vik, Stian Pedersen, Nicolai Haddal Molvær – Ruben Muren – Elias Rooney, Jørgen Skogestrand Kleiven

Innbytarar: Mats Bigset, Loke Mork, Sander Michael Ringstad, Kristoffer Flø, Thomas Edvard Gjerde, Isak Sundgot