– Vi har litt å revansjere

Bendik Rise satsar på at Hødd slår raskt tilbake etter tapet for Fredrikstad, og at Hødd får ei betre oppleving på Nissekollen enn i siste runde i 2018.

Møter Nardo: Hødd reiser til Trøndelag i helga og skal møte Nardo på Nissekollen. Der rauk opprykkskvalifiseringa for Hødd i 2018-sesongen og Bendik Rise håpar på betre resultat enn 2–2 denne gongen. 

Sport

Etter å ha sløst med sjansane heime mot Fredrikstad sist helg, vart det slutt på sigersrekkja Hødd hadde bygd opp. Laget håpar å slå tilbake så snart som råd, og ønskjer å vere tilbake på vinnarsporet allereie mot Nardo søndag.