Norgesløpet 10 km:

Andreplass etter sekundstrid

Det vart ekstremt tett i toppen på 10 kilometer under Norgesløpet.

Andreplass: Ådne Andersen «persa» med 1 minutt og 17 sekund på 10 kilometer under Norgesløpet på Jessheim. No ventar NM i terrengløp komande helg. 

Sport

Laurdag vart Norgesløpet arrangert på Jessheim.

Totalt var heile 725 løparar med på arrangementet, der Ådne Andersen frå Dimna IL stilte til start på 10 kilometer.

Andersen, som nyleg vann halvmaraton under Oslo Maraton, var med heilt i front gjennom heile løpet.


 

Fire mann gjorde opp mellom seg om dei beste plasseringane i løpet og det heile vart avgjort i innspurten.

Berre fire sekund (!) skilte nummer 1 og nummer 4 i mål.

Senay Fissehatsion frå Tjalve vann løpet på 29:23, medan Ådne Andersen vart klokka inn til 29,24.

På Instagram skriv Andersen at sigeren glapp siste 20 metrane, men det blei likevel ei solid forbetring av hans personlege rekord på 10 kilometer med 1 minutt og 17 sekund.

Det lovar godt før Andersen skal delta i NM i terrengløp neste helg. Det blir arrangert av SK Vidar og går i Frognerparken 13. oktober.