Hødd sitt damelag er ferdigspelte for i år, og leverte ein solid sesong i 2. divisjon:

– All honnør til laget

Hødd sitt damelag rykka i fjor opp frå 3. til 2. divisjon, og har, ifølgje hovudtrenar André Gardshol, levert ein god sesong, og etablert seg i 2. divisjon.

André Gardshol: Hødd-trenaren er svært godt nøgd med at laget til slutt hamna på 6.-plass i 2. divisjon, etter å ha rykka opp frå 3. divisjon førre sesong. Gardshol ser fram mot neste sesong og håper at laget kan ta endå fleire steg. Foto: Erik K. Heimdal 

Sport

– Målet før sesongen var utan tvil å halde seg i divisjonen, noko vi har lukkast i å gjere. Eg trur vi trefte ganske bra med konseptet vi selde inn til jentene før sesongen, fortel Hødd-trenar André Gardshol.