Svært viktig siger for Hareid

Hareid sikra seg fredag tre svært viktige poeng heime mot Blindheim, men sigeren kom ikkje utan dramatikk.
Sport

Blindheim er det desiderte botnlaget i 4.-divisjon og på papiret var dette Hareid sin enklaste kamp i serieinnspurten. Det blei likevel ikkje enkelt i Hareidsmyrane. Hareid måtte klare seg utan Ruben-Kenneth Brandal (karantene) og Kim André Alvestad (skadd), og måtte gjere nokre rokeringar frå kampen mot Hødd 2 måndag.