Team Intersport joggekompani arrangerer treningar:

- Treningsgruppa er open for alle

Bra oppmøte på Bjørn Dæhlie run day torsdag kveld.   Foto: Martin Hauge-Nilsen

Sport

I går, torsdag kveld, arrangerte Team Intersport joggekompani Bjørn Dæhlie run day på Hareid Stadion. Økta varte ein times tid, og bestod av oppvarming, intervallar og nedjogg.

- Det var eit suksessfullt arrangement med svært bra oppmøte. Spesielt gledeleg var det å sjå at mange kvinner tok turen og vart med på treninga, fortel ein av dei viktigaste bidragsytarane i treningsgruppa, arrangør Daniel Slettebakk.

Facebook-gruppa Team Intersport joggekompani vart grunnlagt for tre år sidan, og i byrjinga var det mest joggeturar, men sidan då har gruppa lagt om treningsmetodane.

- Vi i Team Intersport joggekompani har heldt på i fleire år med denne treningsgruppa som er open for alle å bli med i. Den har sitt utspring i ei gruppe som heiter Puls og pils, konstaterer Daniel.

- Ein får ikkje berre eit treningsmessig utbytte, men også eit sosialt utbytte, fortel arrangør Daniel Slettebakk.  Foto: Martin Hauge-Nilsen

 

- Vi byrja først med konvensjonelle joggeturar, men så har vi funne ut at det er betre å køyre intervallar, og vi har intervalltrening kvar torsdag kl. 20:30 på Hareid Stadion for dei som har lyst til å slenge seg med, seier Slettebakk.

Og når det ikkje lenger er gode forhold ute, så får dei høve til å nytte Ulsteinhallen som treningsarena. Daniel håper at fleire folk vil nytte seg av tilbodet, sjølv om dei kanskjer ikkje er i sitt livs form enno.

- Det er mange som seier at dei må trene seg opp før dei kan vere med på desse øktene, men eg håper eigentleg at folk har lyst til å trene seg i form saman med oss. Sjølv om ein er på ulike nivå, så får alle saman som deltek eit felles utbytte av øktene både treningsmessig og sosialt, slår Slettebakk fast.

- Det er som sagt berre å bli med i den opne Facebook-gruppa. Der lagar vi arrangement for treningane, og alle som vil kan bli med uavhengig av alder og kjønn. Vi har det superkjekt på trening, konkluderer Daniel Slettebakk.