Den tidlegare Hødd-spelaren styrkte sin fantastiske målstatistikk ytterlegare mot gamle lagkameratar:

- Alltid gøy å score mål

Markus Kvame Naglestad straffa Hødd to gonger i oppgjeret mot Hødd søndag.  Foto: Per Werkland.

Sport

Det var ikkje uventa knytt ein del spenning kring PostNord-ligaen avdeling 1 sin toppscorar, Markus Kvame Naglestad, og om han skulle få ein del å seie for utfallet av oppgjeret mellom Hødd og Egersunds IK (EIK) søndag. Og - han gjorde absolutt ikkje spådommane til skamme. For den tidlegare storscoraren for Hødd gjorde det han kan best - han sette ballen i mål bak tidlegare lagkamerat Ole-Monrad Alme ved to høve søndag ettermiddag. Med det er han oppe i heile 25 seriemål.