Hødd - Egersunds IK 0-2:

Naglestad straffa gamle lagkameratar - to gonger

Robin Shroot stod for den store, store sjansen i første omgang - og fleire andre i løpet av kampen.   Foto: Per Werkland.

Sport

Hødd tok i mot særs målfarlege Egersunds IK heime på Høddvoll søndag ettermiddag, og ønskte mellom anna tidlegare Hødd-spiss Markus Kvame Naglestad velkomen tilbake. Men ikkje for hjarteleg – for det var nettopp Markus Hødd måtte passe spesielt godt på. Toppscoraren i årets PostNord-ligaen avdeling 2 så langt, med heile 23 nettkjenningar.