Nær medalje i terreng-NM

Ådne Andersen leverte nok eit sterkt løp, då han i helga sprang inn til fjerdeplass i terreng-NM.  

Sport

Ådne Andersen stilte søndag til start under terreng-NM i Frognerparken i Oslo. Løpet gjekk over ti kilometer.

Heilt i toppen blei det ein kamp mellom Henrik Ingebrigtsen og langrennsløparen Didrik Tønseth. Ingebrigtsen kom rett frå rekordforsøk i Wien, der han og brørne var med på å hjelpe Eliud Kipchoge til å bli den første til å springe maraton på under to timar.

Ingebrigtsen viste seg å vere sterkast, medan Tønseth tok sølvet. Vinnartida vart 30:01.

Dei to i front hadde nesten halvminuttet ned til Senay Fissehatsion frå Tjalve, men bak han vart det tett. Frå bronsemedaljen og ned til Ådne Andersen var det nemleg berre seks sekund som skilte. Andersen sikra seg fjerdeplassen med ei svært solid avslutning på løpet. Det vart ein tett kamp om plasseringane og det skilte berre seks sekund frå Andersen på fjerdeplass og ned til Eivind Øygard på åttandeplass.

Ådne Andersen heldt dermed fram med den svært gode springinga han har levert på lengre distansar denne hausten.

Sjå fullstendig resultatliste (ekstern lenke)