Vart krinsmeistrar tysdag – fleire kan følgje etter

Hødd sitt G14-lag sikra seg tysdag KM-tittelen då dei slo Hareid 10 - 2. Hødd har vunne alle sine seks kampar denne hausten. Foto: IL Hødd Fotball. 

Sport

Hødd sitt G14-lag i 1.-divisjon vart tysdag krinsmeistrar etter å ha slått Hareid 10 – 2 på heimebane. Simon Marcus Sieminski stod for fire av scoringane i åttemålssigeren. Hødd har vunne alle sine seks kampar denne hausten, og gjorde også reint bord i vår, då dei vann alle sju kampane i våravdelinga.

Det er Hødd og Herd som har utmerka seg i 1.-divisjon denne hausten, men sjølv om Herd har ein kamp igjen å spele kan dei maksimalt få med seg 15 poeng og Hødd er dermed allereie krinsmeistrar. Sebastian Nilsen er hovudtrenar for laget, men då krinsmeisterskapet vart sikra var det Geir Hasund og Geir Sundal som styrte skuta frå sidelinja.

Nærmar seg i G16 og J14

Hødd sitt G14-lag er ikkje dei einaste som kan bli krinsmeistrar denne hausten. Hødd sitt G16-lag toppar også si 1.-divisjonsavdeling, der dei blåkvite no har to kampar igjen av sesongen. Per dags dato har dei ei luke på fem poeng ned til Herd, og det skal dermed mykje til for at ikkje Hødd går sigrande ut av avdelinga. Med siger over Valder på Høddvoll 24. oktober vil krinsmeisterskapet vere i boks for G16-laget.

Også på jentesida er det moglegheiter for å få lokale krinsmeistrar denne hausten. Hødd sitt J14-lag toppar si 1.-divisjonsavdeling med fem strake sigrar og har tre poeng ned til Ørsta/Hovdebygda før kampane denne veka. Siger onsdag kveld vil så godt som garantere krinsmeisterskapet for Hødd, ettersom dei har klart betre målforskjell enn laga bak seg på tabellen.

Er det nokon vi har gått glipp av? Send inn tips til sport@vikebladet.no