Bortepoeng for Hasundgot

Nicolai Haddal Molvær scora for Hasundgot allereie i kampens første minutt, då dei møtte Stranda på bortebane torsdag kveld.  

Sport

Hasundgot fekk ein perfekt start på bortekampen mot Stranda torsdag kveld. Det var ikkje spelt eitt minutt før toppscorar Nicolai Haddal Molvær sette inn sitt 10. seriemål denne sesongen.

Leiinga stod seg heilt inn til pause, men der Hasundgot fekk den perfekte starten i første omgang, var det Stranda som kunne juble etter pause.

Berre to minutt ut i den andre omgangen scora Joakim Fivelstad for heimelaget og dermed var laga like langt.

Det blei ikkje fleire mål på Stranda stadion og Hasundgot fekk dermed med seg poeng heim til Dimnøya. Det betyr at Hasundgot ikkje kan bli dårlegare enn nummer 5.-divisjon denne sesongen, og det betyr også at Hasundgot spelar 5.-divisjon i 2020. Det blir nemleg maksimalt eitt lag frå Sunnmøre som rykkjer ned frå 3.-divisjon. Det betyr at det blir anten to eller tre lag som rykkjer ned frå 4.-divisjon, avhengig av om avdelingsvinnaren rykkjer opp eller ikkje. Det betyr samstundes at det maksimalt blir fire lag som rykkjer ned frå 5.-divisjon.

Hasundgot avsluttar sesongen heime mot Ellingsøy om ei veke. Det bør vere ei bra moglegheit til tre nye poeng, for Ellingsøy har framleis til gode å ta poeng på bortebane denne sesongen.