Møter Stranda

Hasundgot kan så godt som garantere ny 5.-divisjonskontrakt med poeng borte mot Stranda torsdag kveld.   Foto: Erik K. Heimdal

Sport

Hasundgot kan avgjere sin eigen skjebne i 5.-divisjon med poeng borte mot Stranda. Torsdag kveld møtest laga på 6.- og 7.-plass i 5.-divisjon på Stranda stadion.

Med to kampar igjen har Hasundgot seks poeng ned til Volda 2 på 9.-plass. Alt tyder på at det vil vere godt nok å kome blant dei åtte best i avdelinga for å sikre ny kontrakt, og for Hasundgot sin del vil dermed eitt poeng på dei to siste kampane vere nok.

Hasundgot har uansett ein sjanse til, då dei møter botnlaget Ellingsøy på heimebane i siste serierunde.