G14-turnering på Høddvoll

Til helga blir det full rulle på Høddvoll, der Hødd arrangerer turnering for G14-lag frå heile fylket.

Hødd G14 ved storscorar Simon Sieminski møter fleire av dei beste laga i fylket i turnering på Høddvoll i helga. Foto: Hødd Fotball 

Sport

Komande helg arrangerer IL Hødd Fotball kvalitets- og bredde-cup for G14-lag på Høddvoll. Det blir arrangert to klasser, ei ”eliteklasse” for 11ar-lag, samt ei klasse for 9ar-lag.

I 11ar-klassa er det to puljar. Herd, Molde og Spjelkavik i ei, medan Hødd, Rival og KBK/CFK er i den andre. Hareid, KBK/CFK, Hødd og Molde stiller 9ar-lag.

Turneringa går over to dagar, med start allereie tidleg laurdag morgon. 11ar-kampane vil gå på Høddvoll, medan 9ar-kampane blir spelt på det nye kunstgraset på den øvre banen på anlegget.

Sjå oversikt over kampane på Hødd sine nettsider

For 9ar-laga blir det spelt eit reint puljespel med tre kampar totalt for kvart lag, medan ein spelar sluttspel på Høddvoll i 11ar-klassen søndag.

Hødd lokkar også publikum med open kiosk og kafé gjennom heile turneringshelga.