Snipsøyrvatnet Rundt jubilerer

46 deltakarar stilte til start i Snipsøyrvatnet rundt 2018. I år jubilerer løpet med den 40. utgåva.   Foto: Jorulf Myrene.

Sport

Laurdag ettermiddag er det berre å snøre på seg joggeskoa og legge turen til Bigsetkrysset og starten på Snipsøyrvatnet rundt.

I år blir det svært tradisjonsrike løpet arrangert for 40. gong! Som vanleg skal deltakarane springe seg gjennom 12,5 naturskjønne kilometer, frå starten på Bigset, rundt Snipsøyrvatnet og tilbake. På vegen skal løparane mellom anna opp Ulsetbakken, samt nokre mindre kneiker, som kan vere med på å avgjere kven som kjem først over målstreken.


Snipsøyrvatnet Rundt

Raskast i fjor, raskast i år

Marcus Megrund frå Valder IL gjentok bragda frå i fjor og stakk av med sigeren i den 39. utgåva av Snipsøyrvatnet rundt.

 

Den det har gått aller raskast med i løpet av dei 39 tidlegare utgåvene er Oddbjørn Skogen. Han brukte berre 39:10 på turen og er så langt den einaste som har kome under 40 minutt. Arild Bjørdal, Knut Innselset og Kristian Nedregård har alle tider under 41:00.

Blant kvinnene er det Trine Pilskog som har løyperekorden med 46:41. Ho er den einaste der som har tid under 50:00, med Tonje Brande, Rigmor Ulstein Johansen og Karete Nesset på dei neste plassane på topplista.

Kanskje er det nokre som vil kunne kjempe seg inn på topplistene laurdag, men arrangørane understrekar at Snipsøyrvatnet rundt er eit mosjonsløp, som passar både for dei som vil jakte dei raskaste tidene og for dei som berre vil utfordre seg sjølv.

– Dette er eit breiddarrangement for folk i alle aldrar uavhengig av form og treningsgrunnlag, seier leiar i friidrettsgruppa i Hareid IL, Odd Erling Eriksen i ei pressemelding.

Påmelding til løpet skjer ved Hareid klubbhus frå 12.30 løpsdagen. Der er det også garderobar og toalett for dei som treng det. Premieutdeling med meir til går også føre seg på klubbhuset.