Møter Byåsen borte

Hødd slo Byåsen 5-0 på heimebane. Laurdag møtest laga på Byåsen Arena.   Foto: Per Werkland

Sport

Hødd har lagt turen til Trondheim denne helga, der dei tidleg laurdag ettermiddag møter botnlaget Byåsen.

Laurdagens motstandarar er allereie klare for neste års 3.-divisjon, men ønskjer nok å avslutte sesongen på best mogleg vis og kanskje revansjere seg litt etter at Hødd vann heile 5-0 då laga møttest på Høddvoll i vår. Då hadde Hødd fem ulike målscorarar, men dei tre siste måla kom først siste kvarteret av kampen.

Sjå kampen på vikebladet.no frå 13:00


 

Byåsen og Hødd møttest ikkje i 2018, men i 2017 tok Hødd berre eitt poeng mot trønderane. Då tapte faktisk Hødd 1-3 på Høddvoll, medan kampen enda 1-1 på Byåsen Arena.

Byåsen kjem til kampen med to sigrar på sine tre siste kampar, etter å ha slått både Bryne og Moss. Det er halvparten av sigrane til laget heile sesongen og Byåsen står berre med 16 poeng før kampen mot Hødd.

Dei blåkvite har 34 poeng, tre bak Levanger på 5.-plassen og med Moss og Arendal like bak seg på tabellen. Hødd har tre sigrar og to tap på sine fem siste kampar i 2.-divisjon.